Saturday, July 15, 2006

 

Languedoc/Roussillon og Catalonia 2006

Barcelona

Borte bra, men heime best. Mykje kan samanliknast. Etter å ha sett grundig på bekkalokk i Bergen sentrum før ferien, kan eg konstatera at dei er finare enn i Barcelona. Det er greit å ha noko å vera opptatt med når ein er på ferie.

God plass til sykkelveg og opphaldsareal langs midtpartiet i Avinguda Meridiana, Barcelona. Denne avenyen er resultatet av den store byplanen til Ildefons Cerdà frå 1859. Ein systematisk kvartalstruktur, bygningar på 6 etasjar, gatekryss utforma som byrom, parkanlegg og nokre overordna avenyar er hovudelementa. Nye spennande byggverk som bryt med det faste mønstert i planen vekkjer særleg interesse. Her er Torre Agbar, 142 m, ferdig i 2005. Eg fekk ikkje ta heisen til topps, men ein fasadeklatrar greidde å ta seg opp. Sjå meir om dette tårnet, teikna av Jean Nouvel her: http://www.torreagbar.com/home.asp

Scooter og moped er mykje brukt som framkomstmiddel, og i byane er dei lette å parkera, og mange stader er dei godt synlege i gatebiletet. Vannposten er ein tradisjonell del av det offentlege tilbodet. Her ved Estacion Sants, Barcelona.

Sør Frankrike
Sykkelveg langs Canal de la Robine i Frankrike, ei sidegrein av den meir kjende Canal du Midi, som står på UNESCO si verdsarvliste. Her er kilometervis med heilt flat sykkelveg der kanalen går gjennom eit ope landskap med sjøen nær inntil på begge sider. Lenger inne i landet er kanalen omkransa av store lauvtre, som skapar ei særeigen atmosfære.


Alle du møter på vegen helsar med "Bon Jour". Av og til kjem det båtar sigande på kanalen, men det går fortare å sykla. Frå Port la Nouvelle ved Middelhavet kan du gå med båt gjennom kanalen til Narbonne og vidare til Carcassonne, Toulouse og Bordeaux - heilt til Atlanterhavet.

Heile familien på sykkeltur med syklar og bagasje som høver for turen. Legg merke til baguetten på den fremste sykkelveska og vinflaska nede i ramma på sykkelnr 2. Her på plassen framfor Hotel de Ville i Narbonne.

Mange reiser hit for å sjå korleis ei bybane skal byggjast. Det er ikkje lenge mellom kvar avgang til bybana i Montpellier. Her på Place de la Comèdie. Legg merke til at perrongen har same høgd som golvet inne i vogna. Ei ny linje 2 er under bygging. Meir info (fransk) her. På engelsk her.

Elles mange inntrykk - og spennande måltid innimellom.


Comments: Post a Comment



<< Home

This page is powered by Blogger. Isn't yours?