Tuesday, April 17, 2007

 

Roma in Bici

Går det an å sykla i Roma? I parken Villa Borghese er det greit å leiga ein sykkel for nokre timar. Sjølv om det finst ein del å sjå i parken (som restar av Tempio di Antonino e Faustina), er sykkelen nyttig for å sjå meir av alt det byen har å by på.

Roma hart fått sitt sykkelkart, men det er nokså grovmaska, og tilbodet av sykkelvegar er heller magert. Langs Tiber (Tevere) er det malt eit par kvite striper i den gamle trekkvegen langs elvekanten. Ikkje særleg kostbart tiltak, men nok til at eit stykke langs vestsida av elva gjennom sentrum kan reknast som sykkelveg (percorsi ciclabili). Via Appia Antica er innanfor rekkevidde, men den sjølvsagt steinsett og ikkje laga for syklistar. Forum Romanum kan ein berre sjå heilt bort frå.

Det tek ikkje lang tid før eg er passerer under Englebrua framfor Castel Sant Angelo (Hadrians tempel). Diverre er det er uråd å sjå noko av byen nede ved elva på grunn av ein minst 6 m høg mur opp til gatenivået. Ei trapp fører opp til gata ovanfor, og her er utsikta framifrå. Å sykla her er ikkje lett. Eit fortau kan nyttast så lenge det er lite folk ute. Men like til venstre ligg gata som fører inn til Petersplassen, Vatikanet og straumen av folk som skal dit.

Når sykkelen er levert, vert det beina som må trø til. Og dei høver nok best etter kvart som å vitja dei mange kyrkjene vekkjer større interesse.

This page is powered by Blogger. Isn't yours?