Sunday, February 10, 2008

 

Elbe radweg

September 2007
Elbe radweg er ei samanhengande skilta sykkelrute frå Nordsjøen og sørover i Tyskland langs Elben via byar som Hamburg og Dresden til Tsjekkia om du vil. I den søndre delen går sykkelvegen gjennom Sächsische Schweitz, eit område som står på UNESCO si verdsarvliste. I ein del av dalføret mellom Pirna og Bad Schandau er ein omgitt av reine eventyrlandskap som dette:
Her er ingen motorvegar som forstyrrar miljøet langs elva, men eit jernbanespor som av og til kan vera ein barriere. Sykkelvegen er ganske flat, nokre stader er den tilkomstveg til bustader og små turistverksemder o.a. langs elva. Humpar som skal redusera farten er laga på denne måten.



Med jamne mellomrom kan ein ta ferja over elva og ta sykkelen med over. Mange tursyklistar nyttar seg av dette tilbodet.

Det manglar heller ikkje på sykkelkafeear og liknande tilbod for sykkelvegfarande. På ein liten uterestaurant langs elva eg det godt å slå seg ned og bestilla ein Radler. Det er eit salgs lettøl, ei blanding av mineralvatn og øl. Prisen er 2 Euro for 0,4 l. Her bestiller også ein kar på rulleskyøter sine forfriskningar.

På elva går det cruisefartøy som held omlag sama fart som syklistane. Her skal ei gruppe gå om bord i elvebåten i byen Pirna.

Deutsche Bahn leiger ut syklar og har spesialvogner som tek med syklistar på strekninga. Sykkelvognene har plass til mange syklistar. Langs veggene er det klappsete. Svært praktisk dersom du er nøgd etter å ha sykla ein retning og ønskjer transport attende til utgangspunktet.


This page is powered by Blogger. Isn't yours?