Tuesday, May 15, 2007

 

Paris a vélo - På sykkel i Paris

Paris har mange breie gater, og her er det plass til å sykla. Sykkelkartet ser lovande ut. På ein del av dei store boulevardane, langs kanalar og ved Seinen er tilhøva lagt tilrette. Bussgater er ofte skilta for sykling, men her kjennest det mindre trygt når ein er usikker på trafikkulturen i byen. Her er litt av sykkelkartet.

I nærleiken av metrostasjonen Richard Lenoir får vi låna gode syklar. Så ber det ut i sykkelfeltet nedover boulevarden for å sjå meir av byen. Til Place de la Bastille går det greit, men rundt plassen og må vi opp på fortauet. Vidare langs kanalen fram til Seinen er sykkelvegen opptatt av salgsboder. Kven har gitt dei lov til å disponera sykkeltraseen på denne måten? Ved Quai de la Rapée blir vi sett på prøve når gata må kryssast på skrå når syklistane får grønt, men det går fint.Oppmerkinga i gata er god, og nokre stader er sykkelfeltet skilt frå køyrebana med kantstein. I mange av gatekrysa er det også lett å ta seg fram når ein ser på oppmerkinga. Det tek ikkje lang tid før vi har sett fleire monumentale plassar og gatemiljø på denne sida av byen. Fleire av bruene er fine å sykla på, som til dømes Pont de Gaulle.

Eit stykke langs Seinen får vi fin kontakt med elva. Her er det også plass til ein liten pause på ein benk i sola. Langs det prestisjetunge Bibliotheque Nationale de France Francois Mitterrand ! har sykkelvegen verkeleg fått prioritet, gata heiter Avenue de France, men kvar er syklistane?

Etter nokre timar er hovudinntrykket på sykkelen det same som av byen elles: Storslått, ofte romsleg og innbydande med fine detaljar, men også litt uventa, tilfeldig og ikkje alltid heilt gjennomført.

Comments: Post a Comment



<< Home

This page is powered by Blogger. Isn't yours?