Thursday, October 26, 2006

 

Nederland

Med 16 mill. innbyggjarar på eit lite landareal, dels under havnivå, er Nederland eit av verdas tettast befolka land (450 innbyggjarar pr. km2).

Almere.
Denne byen har oppstått på tørrlagt havbotn i Flevoland. Etter 25 år har folketalet nådd 180.000. Sykkelen har sin sjølvsagte plass i byen. Her er eit typisk sykkelstativ like ved jernbanestasjonen, ein halv times reise utanfor Amsterdam. Humphrey Bogartstraat, kunne dette vore ein stad å bu? I dette området er det utruleg mange gatenamn frå kunst- og filmverda og tendensar til festleg arkitektur. At byen er ganske fersk er lett å sjå, og det må vera ei utfordring å unngå at utbygginga vert for einsformig og kjedeleg. For nordmenn kan den flate byen vera eit interessant alternativ, i alle fall for eit kortvarig besøk.

Randstadt Holland
Landet, som for det meste består av byar, kanalar og intensivt landbruk er kjent for å ha sterk nasjonal, statleg styring av areal- og transportpolitikken. Mykje av byveksten har vore konsentrert til eit bybelte: Utrecht, Amsterdam, Haarlem, Schipool Airport, den Haag, Rotterdam og mindre byar som Leiden og Delft. Den nye "National Spatial Strategy", som er basert på ein "governance modell", har gitt regionalt og lokalt nivå og private initiativ større ansvar for gjennomføra planprosjekt enn tidlegare, "development planning".

den Haag ('s-Gravenhage)
Statlege verksemder legg vekt på optimal lokalisering ved trafikknutepunkt og bruk av miljøvennleg energi i bygningane. Offentlege rom skal vera møteplassar av høg kvalitet (The station as a gateway to the city) . Særleg tydeleg er dette i sentrum av den Haag. Trikken går til og med gjennom 2.etg i Bustad-, planleggings- og miljøverndepartementet (Staat voor ruimte, wonen, milieu en rijksgebouwen). Link.

Rotterdam
Å redusera transportbehovet er eit viktig mål. For å unngå bilkaos har det vore satsa på konsentrasjon og fortetting av sentrale bydelar, gjerne med høghus plassert på stader god kollektivdekning. Her finst også døme på utbygging i sjøfronten.

Kommunen sitt informasjonssenter ligg i hovudgata og har lang opningstid. På bymodellen er det plassert inn kjende byggverk frå andre stader i verda som utgangspunkt for diskusjon av høghusutbygging.

Leiden.
Dei gamle vindmøllene står igjen som landemerke her og der, men i dag berre som kulturminne.


Comments: Post a Comment



<< Home

This page is powered by Blogger. Isn't yours?