Saturday, August 05, 2006
På sykkel i Belgia

Denne trikkelinja er nesten 70 km lang og er grei å reisa med dersom ein vil oppleva fleire av byane langs kysten frå de Panne i sør til Knokke i nord. Fleire stader er det tilrettelagt for Park & Bike for å unngå store bilkøar langs den attraktive kyststripa.
På det meste av kyststrekninga er "strandgata" bilfri og vert nytta til mange slags aktivitetar der det er bygningar på innsida. Andre stader er strandgata ein roleg spaser- og sykkelveg langs stranda. Eit par verna sanddyner og hamneområde gjer at sykkelvegen på sjøsida ikkje er heilt samanhengande, men her er rikeleg plass. I det siste er det også sett opp fleire monumentale kunstverk som gjer kvart område større identitet. I Koksijde står denne spektakulære tårnplattforma "Acqua Scivolo" (av Anne og Patrick Poirie).Dei nasjonale hovudvegane har ofte sykkelfelt med raud asfalt, som her nær grensa til Nederland. Grensa melom Belgia og Nederland er ikkje synleg verken på skilt eller i terrenget, men du får melding om nytt telenett på mobilen.
Parkerte syklar ved jernbanestasjonar er eit interessant syn for oss som til dagleg berre ser eit fåtal syklar ved Arna stasjon. Ved stasjonen i Leuven er det ikkje lett å finna att sin eigen sykkel dersom du ikkje har notert kvar den står.
Etter ein lett sykkeltur på bilfrie vegar og langs kanalar i området nær Kempense Meren / Mol er det kjekt å kunne ta pause på ein ekte Fietskafe (sykkelkafe).
Tips: Prøv Sunparks.