Tuesday, August 22, 2006
Dra til Danmark med sykkel




Men vil du oppleva korleis sykkelen blir prioritert som transportmiddel, så dra til:
Til Odense kjem eg med tog og trillekoffert. Her skal eg leiga sykkel for å sjå meg litt omkring. Førsteintrykket på stasjonen er imponerande. Her er eg komen til ein verkeleg sykkelby. Heilt problemfritt er det likevel ikkje. På internett sida står det mellom anna: "Odense Cykelby har ansat en mand til at rydde op i byens cykelstativer. Overalt står efterladte cykler, som fylder op i stativerne. "
Ved nærare ettersyn finn eg fleire parkerte syklar i underjordiske garasjeanlegg like ved stasjonen. Syklane er parkert i toetasjes stativ med lås. Her er det tilsyn og tilgjenge heile døgnet. Kan vi ein gong få anlegg som dette i Bergen?


Den kommunale guiden understrekar at sykkelen kan brukast av alle til alle slags formål her i byen. Sykkelen er ikkje berre for dei som driv sport. Sjølv er ho lett å kjenna på fottøyet.

Mange firma har eigne syklar til sine tilsette. Den kommunale heimehjelpstenesta, politiet, sjukehuset, og andre store arbeidsplassar har eigne sykkelordningar.
Og her kjem posten - på sykkel. Postmannen parkerer på fortauet og forsvinn inn i oppgangen. Eg nyttar høvet til å beundra sykkelvidunderet han brukar i jobben sin. Kanskje ikkje så rart at sykkelen må ha støttehjul.

I gatemiljøet inne i Odense er sykkelfelta blå. Hvis du er i det blå feltet skal du vera rimeleg trygg for biltrafikken. Men det viktigaste er kanskje at syklistane er så mange at vi vert synlege som gruppe i trafikken. For oss gjester er det litt uvant å sykla saman i grupper og måtte ta omsyn til alle dei andre syklistane som er ute i gatene. Inne i sentrum vert talet på syklistar målt kvar dag. Her vert det stadig sett nye rekordar. Eg tek eit par ekstra rundar for å få bekrefta at det talet som står i displayet vert større. Motivasjon, konkurransar og kampanjar er ein vesentleg del av sykkelsatsinga i Odense, sjølv om det også er aktuelt å gjennomføra fleire fysiske tiltak.
I nokre hovudgater er det etablert grøn bølje, mest for dei som syklar til jobben og som vil halda janmt høg fart. Dette må prøvast - og det virkar. Hald passeleg fart slik det står på skiltet- altså 22 km/t. Så går det som ein draum gjennom alle lyskryss utan å måtte stoppa på raudt.