Sunday, July 16, 2006

 

Das Ruhrgebiet på sykkel - sept. 2005


Frå Düsseldorf - Duisburg til Essen og Dortmund.

Ruhr-området i Tyskland (das Ruhrgebiet) er kjent for å ha hatt mykje kol- og stålindustri fordelt på fleire industribyar som ligg i ei klynge ved Rhinen og sideelvane Ruhr og Emscher. Gjennom eit storstilt omstillingsprosjekt langs Emscherkanalen er mykje av denne tungindustrien erstatta av andre verksemder eller gjort om til parkar og friområde for innbyggjarane. Meir om prosjektet her. Det er etablert fine sykkelvegar langs kanalen og eigne sykkelvegbruer som her i Oberhausen. Biletet viser utsikten frå toppen av Das Gasometer, ein tank for oppbevaring av kolgass, som no er eit industriminne.

I Emscher Landschaftspark prosjektet, som går fram til år 2010, vert det lagt vekt på å synleggjera den gamle industrikulturen gjennom ny bruk av områda, til dømes som parkanlegg. I Essen ligg det store smelteverket Zollverein, som står på UNESCO si liste over kulturminne. Smelteomnar i fleire hundre meter lange rekkjer og gedigne røyrkonstruksjonar står der slik dei var i bruk inntil ein gong på 1980-talet. No er dette museumsområde, og det er det ein fordel å ha sykkel når ein skal sjå på anlegget.

Dei store slagghaugane frå gruveindustrien er blitt varige minnesmerke som ein legg merke til fleire stader i det elles flate landskapet. Nokre av slagghaugane har grodd til med skog. Andre er utsiktspunkt og landemerke som ein gjerne går eller syklar opp til. På veg til toppen kan turen gjerast lengre dersom ein vel den nesten flate ringvegen som er lagt i spiral oppover i det nyskapte friluftsområdet. Eit avgrensa skogsområde kjennest langt større når turen vert lagt opp på denne måten. Her er området Hoppenbruck.

Som ei understreking av historia og som symbol for omstillinga som skjer, er det plassert monumentale kunstverk på toppen av dei store slagghaugane. Den amerikanske kunstnaren Richard Serra har forma det 15 m høge landemerket /kunstverket på toppen av den store slagghaugen Schurenbachhalde i Essen-Altenessen.

Mange av heistårna til gruvesjaktene er andre godt synlege kjenneteikn når ein skal finna fram til dei historik kjende gruve- og industrianlegga. Eit av landemerke er Der Tetraeder, av arkitekt professor Wolfgang Christ. Dette er ei 58 m høg utsiktsplattform, forma som ein trekanta pyramide, som ligg på toppen av ein 65 m høg slagghaug i Bottrop. Ikkje langt unna er det bygd ein innandørs skibakke nedover i skråningen.

Fleire stader er sykkelvegenettet bygd på nedlagde jernbane-industrispor. Men det finst og nykonstruerte sykkelbruer, som denne elegante s-forma brukonstruksjonen i nærleiken av den ombygde industribygningen "Jahrhunderthalle", som no er blitt konsert- og festivalområde i byen Bochum.

Dei beste sykkelvegane ligg i utkanten av dei mest tettbygde byområda, gjerne i tilknyting til parkar og idrettsanlegg. Sykkelvegane er merka med eigne skilt der nokre av vegane har gjennomgåande namn som Emscher Park Radweg mellom Duisburg og Dortmund.
Langs med Rhinen, i Dusseldorf, vert elvebredden nytta til mange aktivitetar: skirenn på tilkøyrt snø om vinteren, til rekreasjonsområde, til tumleplass for sykling, skateboard og til område for bubilcamping.

I denne delen av Tyskland er det lett å leiga seg ein sykkel. Sykkelutleige finst på dei fleste jernbanestasjonane. Mange av kommunane arbeider for å tilretteleggja for auka bruk av sykkel for å redusera trafikkproblem, stimulera til fysisk aktivitet og gje folk lettare tilgjenge til kultur- og parkanlegg. Turen kan planleggjast på internett: http://www.radroutenplaner.nrw.de/


Comments: Post a Comment



<< Home

This page is powered by Blogger. Isn't yours?